Første Kløverturen i haustsesongen 2018 var lagt til Gammelvegen. Veret var godt, og 12 damer møttest for å gå tur, riktig kjekt å møtast turkledd igjen! Og det er alltid triveleg både med «nye» og «gamle» turgåarar – her er alle velkomne til å bli med ut på tur!
Svinvikrunden er ei fin trimrute, og i dag tok vi synfaring på dei nye benkane som vart sette ut tidlegare i sommar. Sjølvsagt vart det kaffepause utpå Kammen – der det både er flott utsikt og fint bord til kaffelag.
Plana er å ha Kløverturar eller Rusleturar kvar måndag utover hausten. Det er lurt å følge med på todalen.no for informasjon da turmåla blir bestemt etter kvart etter ver, føre og kven som kan vere kjentmann. Turmål som kan vere aktuelle framover, er Skihytta, Toåa tursti, Fauskhjellen, Nestusetra, Fosstrøinn, Storhaugen på Kvennset, tur på Nordvik, Kårvatn, Tjønnmyranj osv.