Det var triveleg samling og bra deltaking på årets første quiz-kveld på Todalshytta fradag kveld. Knivskarp konkurranse vart det og, da det stilte 4 lag med 4 deltakarar til kveldens quizkappløp. Knut Bergli var kveldens quizmaster, og hadde laga 50 spørsmål som laga fekk å bryne seg på.
Med 50 spørmål om mange forskjellige tema vart det ein knaivskarp konkurranse, der laget «Hjørnet» gikk av med sigeren med heile 42 av 50 poeng. På dette laget deltok Knut Halset, Amund Talgø, Jo Gjeldnes og Torkjel A. Moe – og premien var eit gåvekort frå Todalshytta til vinnarlaget.
Etter konkurransen var det klart for pizzaservering. Todalshyttas kjøkken sørga for 3 slag pizza – skinke, pepperoni og 80-talspizza – alle nylaga frå bunnen. Dette slo godt an og Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta var godt nøgd med responsen på pizzakvelden, så det blir nok fleire slike kveldar utover våren.Quiz & Pizza