Sjølv om det var fint ver og sol ute, var det godt oppmøte på årets andre strikkekaffe. «Triveleg å treffast,» vart det sagt rundt borda.

Mathea fremst, ho kosa seg på strikkekaffe i lag med storgolmå Anne Helene. Arndis beundrar det fine pannebandet. Foto: Dordi J H
Yngste deltakar på strikkekaffeen var Mathea som var på besøk hos storgolmå Anne Helene. Mathea går i 5. klasse og er dyktig til å strikke, ho var kome langt på eit riktig fint panneband! Eldste deltakar var som vanleg Jenny, ho fyller 99 år utpå hausten. Ho strikka på lestar med 3 farger. Elles er ho interessert i sport, stas med vintersport i TV’n no om dagen. «Eg gler meg til det blir VM i skiskyting, det startar den 13. februar,» kunne ho opplyse. I sommar-sesongen ser ho gjerne både fotball og friidrett.

Jenny , til venstre, og Eli synest det er kjekt å treffast til triveleg prat og hygge i Sanitetshuset.
På dagens Fredrikkekaffe var det ein langvegsfarande gjest, nemleg Turid frå Fyllingsdalen ved Bergen. Ho er søster til Jorunn Husby og er medlem Fyllingsdalen sanitetsforeining. Turid syntest det var kjekt å sjå korleis todalingane arrangerer strikkekaffe. Ho kunne fortelje at no skulle dei starte opp med Kløvertur i Fyllingdalen, kanskje etter inspirasjon frå Todalen? Ho er nemleg fast lesar av todalen.no.

Rundt bordet frå venstre sit: Jorunn H, Ester Karin, Anne Helene, Synnøve G, May-Elisabeth, Synnøve T, Jenny, Eli, Ildri, Jorunn Ø og Turid. Foto: Dordi J H
Vertinner var Ingeborg og Jorunn Ø, dei serverte riktig gode bakels med heimelaga syltetøy og nydeleg sjokoladekake.
Neste strikkekaffe blir laurdag 7. mars i Ungdomshuset, da er det overføring av NKS sin «Kvinnehelsedag» frå Oslo Kongressenter. Meir om programmet seinare.