Mange tok turen innom Sanitetshuset laurdag ettermiddag; det er kjekt å møtast til triveleg samvær og kaffelag. Strikkepinnane gjekk flittig; her vart det strikka både kjolar, teppe, vottar, lestar, kofter og kopptuer.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/04/IMG_5751-1200x783.jpg)
Randi er ein dyktig og flittig strikkar, og her er ho i gang med ein kjole! Jorunn strikkar lestar. Foto: Dord J H
Det er imponerande kor godt handarbeidsdamene kombinerer prat og strikking – riktig så effektive! Dordi Fedje var på plass og hjelpte til med tips og gode råd. Ho viste fram dominostrikk denne dagen, også. Kjekt å prøve nye teknikkar.
Ingeborg og Berit var vertinner, dei serverte riktig så gode bakels og organiserte utlodding. Strikkekaffeen er ein god og viktig møteplass i bygda.
Neste Fredrikkekaffe er 4.mai.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/04/IMG_5762-1200x903.jpg)
Synnøve strikkar på eit fint teppe. Jorunn (til venstre) hadde ansvar for strikkekafeen i mange år før Helen og Arndis tok over. Foto: Dordi J H