Det var Arbeiderpartiet og Rødt som hadde felles 1. maiarrangement i Surnadal kulturhus – eit arrangement som samla eit 70-tal som stakk innom for å få med seg årets aksjonsdag for arbeiderbevegelsen. Dei kunne by på tradisjonelt program som starta med «Internasjonalen» med Surnadal Hornmusikk for eit ståande publikum, og fortsette med både vals og marsj. Det er faktisk litt høgtideleg med korpsmusikk til slike arrangement.
Vidare var det Ole Magne Ansnes som var dagen hovudtalar – han klarte å engasjere alle med sin aktuelle tale og tala eit språk som alle forstod. Han var innom dei mange og store verdsproblema som har oppstått, men bydde også på eigne erfaringar frå unge år og ein tidleg start i yrkeslivet på Surnadal Meieri. Det skjer mykje rundt oss i dag både i Europa og resten av verda – det er derfor viktig at vi får med oss det som skjer og at vi aldri stiller oss likegyldige til krig og vondskap som skjer rundt oss.
Han påpeka at det er viktig at det er plass til alle – det har det faktisk vore i arbeiderbevegelsen sia starten i 1890, da 1. mai vart feira for første gong, og dagen vart ein internasjonal kampdag, og bekreftar at vi blir sterkare når vi står saman. Vi ser at 1. mai har gjeve mange resultat – det har vore mange kampsaker oppgjennom tida – resultatet har ikkje kome av seg sjølv.
Elles slapp etterkvart Hedda Moen Gjerstad til med «Min tanke er fri». Hedda er 17 år, og har gått på kulturskulen sia ho var 7 år – på tampen av dagen slapp ho til med fleire, og akkompagnerte også allsongen med publikum.
Etter kaffepausen, vart det etter kvart appell med den lokale leiaren i Rødt, Roar Nes. Han tok for seg handteringa av rusproblematikken og kor viktig det er at den blir handtert rett. – Viktig at vi kan passe på kvarandre og unngå utaforskap. Derfor er det vår plikt at vi må bry oss og gje kvarandre plass i «flokken». Denne dagen er akkurat den rette for fellesskapet, sa Roar Ness og kunne ønske ei fin og edrueleg 1.maifeiring.

Eva Jorid Svendsen og Knut Halset sørger for at Lilly Gunn Nyheim får kjøpt lodd i Mailotteriet. Foto Jon Olav Ørsal

Flotte faner frå gamle dagar – frå venstre for Sjøflot fagforening (knytt til gruvemiljøet), neste er for Daggry (arbeiderungdomslag i Surnadal), Surnadal Arbeiderlag, Stangvik arbeiderlag og Todalen Arbeiderlag. Foto Jon Olav Ørsal
Feiringa i kulturhuset vart av slutta med trekning i lynlotteriet som hadde mange flotte gevinstar og som hadde selt lodd for over 23.000.
Nedafor ligg trekningsliste frå 1. mailotteriet – gevinstane blir bringa ut til vinnarane.