Feittysdagen har lange tradisjonar her i landet, uten at vi skal «rippe opp» i det. Karen Johanne Talgø er glad i å lage mat, og ho har gjort det til ein tradisjon å invitere nokr naboar, slekt og venner til kjøtt og påsse på sjølvaste feittysdagen. Tysdag kveld var gjengen samla rundt bordet på Vestrum – hos Karen Johanne.
Menyen var sjølvsagt tradisjonell, og starta med ertersuppe, og fortysette med hovudretten kjøtt og påsse. Den bestod av saltkjøtt – både svinekjøtt og lammekjøtt – med tilhøyrande påsse, grovpølse, potet, kålrabistappe og feitt. Etter to rundar med kjøtt og påsse var det lite plass att til dessert, men desserten bestod av heimelaga sjokoladepudding – Karen Johanne spesial, servert med vaniljesaus og krem. Og som ikkje det var nok, så var det kaffe og kvæfjordkake etterpå.
Du verden for ein triveleg tradisjon – i skrivande stund kan det mesta kjennes slik at ein ikkje treng mat før neste år. Takk for maten!