Todalen sanitetsforening inviterte bygdefolket til lunsj tysdag 28. januar. Responsen på invitasjonen var god; godt med folk og riktig god servering.
Denne dagen var karane i fleirtal rundt borda, det er ikkje så ofte på arrangementa til Sanitetsforeninga.
Leiar i Sanitetsforeninga, Solveig Glærum, ønskte vel møtt. Ho syntest det var kjekt å sjå så mange frammøtte. Aldersspennet var stort; yngstemann var under året og eldstemann godt over 90!
Tittelen på prosjektet til Sanitetskvinnene er henta frå songen «Kanskje kommer kongen?» med Knutsen og Ludvigsen. Øystein Dolmen (Knutsen) og Gustav Lorentzen (Ludvigsen) gav ut albumet «Juba Juba» i 1983, der ein av songane er «Kanskje kommer kongen?».
«Kanskje kommer kongen?» er eit prosjekt for å skape gode møteplassar i lokalsamfunnet. Sanitetsforeninga har planer om to arrangement til i løpet av året; nonsmat og lunsj.
Solveig Glærum orienterte vidare om oppussinga av Sanitetshuset. Møterommet er ferdig så langt, vidare er det ønske om å pusse opp kjøkkenet. Fleire av leigetakarane i Sanitetshuset har bil, så carport står på ønskelista. I tillegg er det behov for nye vindu, men det står lengst nede på lista no.
Kanskje kommer kongen
Kanskje kommer kongen
Hit til middag nå i dag
Vi har dekket på perrongen
Med god mat av alle slag
Kalkun panert med hummer
Små glass med artisjokk
Knutsen skal servere
Og Ludvigsen er kokk
Fleire bilete frå ein hyggeleg dag: