Aktivitetskvelden med Todalen I.L. og Todalen elveeigarlag samla mange som hadde lyst til å prøve seg med fluefiske og andre aktivitetar i området ved gapahuken i Båthølen. Elvaeigalaget hadde fått offentlege midlar for å være med og finansiere eit slikt opplegg. Det var faktisk fleire av borna som ikkje hadde prøvd å handtere ei fiskestang, så lysten og spenninga var stor for å få prøve seg i elva.
Jo Kvande Hansen var hyra inn som instruktør, og i løpet av kvelden fikk alle som hadde lyst prøve seg med Jo som medhjelpar. Stor var begeistringa da dei kom att frå turen i elva og kunne berette at det hadde gått bra, og at dei hadde fått det til. Elles var det både frisbygolf, skyting med luftgevær og sjølvsagt vart det etterkvart god med eit skikkeleg elvebad. To bla Mali sørga for grillmat til heile hopen, man blir da svolten når det er slik stor aktivitet. Godt med påfyll av både mat og drikke på slik ein fin sommarkveld.

Tre som gledde seg til å prøve flugefiske – Edvard, Fredrik og Haakon er klare for ein tur i elva. Foto Jon Olav Ørsal
Nedafor har vi lagt ut eit lite bildegalleri frå aktivitetskvelden – alle foto Jon Olav Ørsal