Etter ein lang pause på grunn av koronavirusets «herjing» var Senioruniversitetet attende med samling i kulturhuset for både medlemar og andre sist torsdag. På programmet stod songmøte, med gamle revyviser som tema. Det er nok eit veldig aktuelt tema ettersom det no blir arbeidd med å samle gamle revyviser mellom to permar. Gamle revyveteranar legg ned ein stor jobb for å få dette på plass, og det vart signalisert at dei skal være i mål i neste år – kanskje til Vårsøghelga eller kanskje til neste haust, fortalte Eivind Holte som orienterte om stoda for dette arbeidet.
Dei gamle songtekstane som blir samla er frå 1965 og framover til i dag, og omfattar produksjonar frå Surnadal BU revygruppe, og seinare frå Svarraberje teaterlag. Men revyarbeidet starta vel så smått på eit enda tidlegare tidspunkt – faktisk før krigen. men mykje av det gamle materiellet forvann under Ørabrannen. Men det var artig å få gjenhør med mange av dei gamle tekstane, og spesielt artig var det at revyveteranar heilt frå starten var med som oppsongarar i dag. Den store allsongen som var tiltenkt vart ikkje så kraftig at det gjorde noko, så oppsongarane – Styrkår Brørs, Holger Skei og Henning Sommaro vart nerast solosongarar. Henning Sommero akkompagnerte også på piano.
I tur og orden fekk vi høre dei gamle revyvisene og sjølvsagt høyrde det artige episodar til mange av revyvisene. «No vil vi søng» (tekst Ola Øye) var først ute og sidan gikk det slag i slag med tekstar etter både lokale revyforfattarar og tekstar etter «proffane» Hyldbakk og Gravvold. Styrkår Brørs, Holger Skei og Eivind Holte hadde forresten «drodla» litt med publikumstal gjennom hele denne perioden, og di hadde funne ut at til saman rundt 60.000 publikumarar har funne sitt sete under revyane gjennom 55 år. Det er faktisk eit imponerande tal som alle revyentusiastane kan være stolte av.