Todalen sanitetsforening tjuvstarta adventstida med å invitere bygdefolket til førjulstreff siste dagen i november. Heile 40 personar møtte opp til sosialt samvær og julemiddag i Sanitetshuset. Leiaren i sanitetsforeninga, Maren Ansnes, ønskte alle velkomne før bordverset vart sunge.
Her vart det servert skikkeleg julemiddag: svineribbe og medisterkake med tradisjonelt tilbehør; og også sprø svor! Det smaka fortreffeleg og maten gjekk ned på høgkant!
Etter ein pause med prat og litt song vart det servert kaffe med dessert og kaker: karamellpudding og julsmåbrød – rett og slett nydeleg!
Barnets lykkeskilling til Live Svinvik
Todalen sanitetsforening har til tradisjon å dele ut «Barnets lykkeskilling» som velkomst til nye verdsborgarar i bygda. I dag var det vesle Live Svinvik som fekk dette fine sølvsmykket. Live er første barnet til Kristina og Tore Svinvik som driv garden i Svinvika. Men i dag var farmor og farfar barnepassarar. Dei kunne fortelje at for tjue år sidan fekk tante til Live, Kristine Svinvik, den første lykkeskillingen i «moderne tid». Sidan har lykkeskillingen vore delt ut kvart år.
Det er omsorgsberedskapsgruppa i sanitetsforeninga som hadde initiativ til og ansvar for julemiddagen. Dei har mellom anna som mål å laga gode møteplassar for folk i lokalsamfunnet. I dag vart det fullklaff – og det er nok mange som ønsker seg fleire liknande arrangement. Det er så kjekt å få servert god mat og ete i lag med andre!
Tusen takk til «kokkelaget» som hadde lagt ned så stort eit arbeid for å stelle i stand så god mat og ei triveleg stund i sanitetshuset!