Det er Wenche Kvendset som har sendt oss bilder frå tur til Haltbakkan som Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag arrangerte torsdag. Ho skriv at det var ein tur med triveleg folk, fint vêr og nydeleg natur, og gjengen har kosa seg på turen som var avslutta med kaffepause i og ved gapahuken i sjøkanten.
Neste veke ventar tur til Åsskard – har du lyst til å bli med så er du velkomen!