Ute snø og snøfokk, inne lunt og triveleg. Slik var det siste laurdagen i februar da Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe.
Her er det flittige hender! Det går mest i strikking, men og litt hekling; alt frå produksjon av genserar i innvikla mønster, sjal og enkle kopptuer. Dordi Fedje som er husflidsekspert, gav nyttige tips.
Under kaffepausen var det fastelavnsfeiring med bollar med krem og friskt og godt syltety og vannbakkels, rett og slett nydeleg – altså berre lekkert!
Og medan strikkegjengen kosa seg i Sanitetshuset, vart det altså bronse i VM i langrenn i Planica til oppdalsjenta Astrid Øyre Slind! Ho er 35 år og debuterte i dag i eit internasjonalt meisterskap. Imponerande!
Det blir ny strikkekaffe om tre veker, altså 18. mars. Da blir det også utlodding.
Fleire bilete frå Fredrikkekaffeen: