Elevar ved helse- og oppvekst-lina ved Surnadal vidaregånde skule inviterte måndag pensjonistar til formiddagskaffe i Todalen sanitetshus. Om lag 20 todalingar møtte opp, og dei fekk ei riktig så triveleg stund i lag med dei unge.
Elevane organiserte først bingo, og bingospelararne viste stort engasjement. Populære premiar var boksar med sjølvbaka kaker, og det var veteranane som stakk av premiar dei tre første omgangane: Jenny Kvendset (94 år) og Marit Kalseth (92 år). Etter bingorundane vart det kaffeservering. Åse Ville Redalen frå Todalen Sanitetsforening var kaffekokar, medan elevane hadde pynta og dekt fine bord. Dei serverte sjølvlaga kaffebrød: kjempegode bollar og nydeleg gulrotkake! Praten ved kaffeborda gjekk lett, og både unge og eldre kosa seg. Etter kaffelaget vart det nye rundar med bingo.
Ansvarlege lærarar ved helse- og oppvekstlina er Ingborg Myrvang, Kristin Holten og Kathrine Johansen. Ingeborg fortalde at målet denne perioden er at elevane skal ha ansvar for å arrangere trivselstiltak for eldre og erfare å vere i lag med eldre. Etter å ha arrangert tiltak for eldre i Todalen og tidlegare ved Surnadal sjukeheim skal elevane i neste periode ha praksis og gjennomføre opplegg i skule og barnehage. Det skal munne ut i at dei arrangerer juleverkstad ved ein skule i adventstida. Det er viktig at elevane får møte personar i ulike aldrar og livssituasjonar.
Formiddagstreffet i Sanitetshuset vart riktig så vellykka, – det vart ein fin møteplass for både unge og eldre! Vi ønsker elevane lykke til med neste prosjekt og utdanninga vidare!