Torsdag kveld inviterte små og store ved Todalen oppvekstsenter i lag med FAU til adventskveld. Det var program frå scena, juletregong, nissar og kaffelag. Dei mange frammøtte fekk ein underhaldande og triveleg kveld!
Kvelden opna med allsong av «Det lyser i stille grender» – triveleg å synge julesongar i lag! Deretter las elevar frå tredje og fjerde trinn adventvers av Inger Hagerup og tende fire lys. Flinke lesarar! Adventsstunda vart avslutta med songen «Tenn lys» av Eivind Skeide.
Da var det tid for barnehageungane. Dei dramatiserte og song «Snømannen Kalle». Sjarmerande og dyktige ungar! Det er farangtid, så det var nok enkelte som dessverre ikkje kunne stille. Trist å måtte vere heime ein slik kveld.
Trinn 1,2,3 og 4 fortalde og dramatiserte eventyret eit ukrainsk eventyr «Skinnvotten» – festleg framført av dyktige aktørar i fine kostymer og fint sminka. Her møtte vi både Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hoppsadans, Revemor Silkesvans, Ulven Aldrimett, Villsvinet Trynebrett, Bamsefar Labbdiger, ein gammal mann, hunden hans og forteljarar. Flott levert!
Da var turen komen til dei eldste elevane – da vart det ellevilt på scena! Trinn 5,6 og 7 stilte med sjølvskrive skodespel med tittelen «Norske juletalenter». Dei imponerte med speleglede og viste stort talent for sceneopptreden! Både «Bieber Boy», «Rosabloggerne», «Fløyte-Brigt» , «Jan Thomas», programleiarar og dommarane var kjempeflinke! Dei avslutta med «Julekveldsvisa» – stor songglede.
Etter kveldens prestasjonar på scena i skulen ser det lyst ut for rekruttering til romjulsrevyen framover!
Etter innslaga frå scena vart det gong rundet juletreet med stort engasjement, men plutseleg dukka det opp tre gode nisssar – for dei minste var det kveldens høgdepunkt!
Kvelden vart avslutta med triveleg kaffelag med god servering. Alt i alt ein svært velukka kveld! Både barnehageungane, elevane, foreldra og dei tilsette i barnehagen og skulen kan vere stolte etter dette arrangementet!