Laurdag ettermiddag kunne Todalen sanitetsforening endeleg invitere til strikkekaffe i Sanitetshuset. På grunn av koronarestriksjonar har det vore eit langt opphald for strikkekaffien; forrige samling var 7. mars 2020, altså ein pause på nesten 1 ½ år.
Sjølv om sola skein, var det godt oppmøte! Mange sette pris på å kunne møtast til hyggeleg og uformell prat, og det var så reint god og triveleg stemning rundt borda.
Arndis Søyset og Helen Saksen var vertinner og stilte med gode kaffebrød; eplekake og kanelsnurrar.
Neste strikkekaffe/Fredrikkekaffe er om tre veker, altså 25. september. Helen og Arndis, som er ansvarlege for Fredrikkekaffeen, fortel at plana er å ha strikkekaffe kvar 3. veke framover hausten.