Sosialt
- Inntil 5 gjestar i private heimar, men ein kan vere fleire ved medlemmar frå to husstandar
- Private samankomstar (med personar frå same kommune):
- Innandørs i leigde lokale: Maks 10 personar (unntak for barnebursdag i kohort med vaksne som hjelper til).
- Utandørs: 20 personar.
- Barn kan ha besøk av kohorten sin.
- Anbefalinga om 2 meter avstand går tilbake til anbefaling om 1 meter.
- Skjenking er lov til kl. 22.00, men krev at det er matservering.
Arrangement
- Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar bør avlysast/utsettast.
- Arrangement som samlar personar frå same kommune, kan gjennomførast slik:
- Innandørs – Inntil 100 personar med faste tilviste plassar (t.d kultur- og idrettsarrangement, konferansar og gudstenester).
- Utandørs: Inntil 200 personar, men inntil 200 personar x 3 kohortar dersom publikum sit på faste tilviste plassar (t.d tribuner på fotballkamp).
Breiddeidrett og fritidsaktivitetar
- Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar. Unntak fra 1 meters regelen.
- Innandørs; Inntil 50 barn og unge under 20 år frå same kommune, utan faste tilviste plassar.
- Vaksne blir anbefat å ikkje drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne drive organisert trening dersom det er mogleg å halde god avstand.
- Barn og unge under 20 år som driv med aktivitetar som ikkje inneber nærkontakt, kan delta i arrangement utandørs som samlar deltakarar frå same krins eller region der region brukast som geografisk inndeling.
Reising og arbeid
- Innanlandsreiser: Opprettheld anbefalinga om å unngå unødvendige innanlandsreiser og unngå bruk av kollektiv transport dersom dette er mogleg. Det viktigaste er å unngå reiser til og frå område med mykje smitte.
- Utanlandsreiser: Like strengt.
- Anbefalinga om heimekontor: Anbefalinga om heimekontor gjeld for alle som har moglegheit for dette.
Kva med munnbind i Surnadal?
- Det er ikkje så dumt å fortsette med munnbind der det er mykje folk samla og vanskeleg å halde 1 meter avstand til andre. Elles følgjer du råd om smittevern der du er.
- På offentleg transport er munnbind eit krav.
Ved å trykke på lenka Trinn 1, 2, 3 og 4 frå regjeringen.no, finn du meir detaljert informasjon om dei ulike trinna i gjenopningsstrategien frå regjeringa.