Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trimturar i Todalen – frå lågterskel til høg puls

Guro Redalen Onsdag 16. juli 2025

Sola steiker, gradestokken kryp oppover, og det kan vere freistande å halde seg i skuggen. Men kanskje rykkjer det i  turfoten likevel? Då er det godt å vite at det finst turar for både dei som vil ha ein roleg rusletur langs elva og dei som trivs med svette i panna og utsikt som belønning.

Her får du 11 ulike turar i Todalen – med varierande pulsgrad, lengde og terreng. Nokre passar best i skuggen av skogen, andre gir deg panoramautsikt frå toppar og seterstølar. Felles for dei alle er at dei ligg ute på nettstaden morotur.no, med fyldige skildringar av startpunkt, stigning, tidsbruk og kva du kan sjå etter på vegen.

Det er Trimgruppa i Todalen IL som har lagt inn turane, og vil du registrere trimpoeng i dei digitale trimbøkene, finn du meir informasjon her. God tur og godt mot! Og hugs: ta med vatn, solkrem og kanskje badetøy i sekken.

Dei 11 turane er:
(Klikk på namnet til turmålet for å lese meir om turane inne på morotur.no)

Storhaugen

Ein rundtur med fin utsikt og akkurat passe med motbakke til at ein pausen på toppen kjennes ekstra godt. Turen til Storhaugen passar dei fleste, og byr på både fjellfølelse og elveidyll i eitt og same sveitteperle.

Du startar ved Todalshytta og følgjer merka løype mot Innerdalen via Snekkardalen. Etter ca. 1,3 km kjem du til ein lunningsplass med skilting mot Storhaugen, og derifrå bikkar det oppover mot toppen. På Storhaugen ventar benk og utsikt over bygda, perfekt for ein kaffiskvett og ein liten skryte-selfie.

På veg ned kan du velje å gå same ruta tilbake, eller ta rundtur via Bruset. Nedstigninga frå toppen kan kjennast bratt dei første metrane, men stien blir raskt snillare. Når du kjem ned til vegen, følgjer du asfalt eit lite stykke før du tek av til høgre og går ned mot elva. 

Ansnessetra 

Er du klar for ei trimøkt med fjordutsikt og litt puls i panna? Då er turen til Ansnessetra midt i blinken. Her får du ei god stigning som får leggane til å kjenne at dei lever, men belønninga ventar i form av utsyn over fjord og fjell.

Stien startar rett etter bakketoppen ved Hegerneset, og du følgjer raude merker oppover lia. Det er ein tydeleg sti heile vegen, men du må rekne med å klatre litt over rotvelt og kjenne at det bikkar bratt enkelte stader. Først kjem du til postkassa med trimpost,og bak den ligg sjølve Ansnessetra.

Tips: Det er lite parkering ved startpunktet, men du finn betre plass ved Ansnes sagbruk, 600 meter lenger framme. Så kan du varme opp med ein liten spasertur før motbakkane tek til.

Naustådalssetra, Kårvatn

Klar for ei turperle innerst i Todalen? Då er det berre å snøre fjellskoa og peile seg inn på Kårvatn. Her startar turen til Naustådalssetra, ein klassikar for både mosjonistar og utsiktssamlarar.

Stien er godt merka og slyngar seg oppover lia, og når du kjem over skoggrensa, flatar det ut – og plutseleg står du der, midt i Naustådalen, med setra som eit postkortmotiv i enden. Her finn du trimpostkasse og kanskje ein liten bris som tørkar sveitten.

Ekstratips: På veg ned kan du ta ein avstikkar via Nauståfossen – eit fossefall på heile 110 meter! Men hugs: stien kan vere sleip når vatnet brusar som mest, så ta det med ro i svingane.

Løfta

Treng du ein kortreist kvardagsboost med utsikt og frisk luft? Då er Løfta eit løft for både kropp og humør. Dette er ein tur som passar for dei fleste. Anten du vil ha ein roleg rusletur eller ein rask trimtur med litt puls i panna.

Du startar på grusvegen ved Kvennset, og etter kvart som du går, får du Rossåfossen som følgjesvenn i det fjerne. Når vegen deler seg, held du til høgre, og snart ser du eit skilt i eit tre som peikar deg inn på stien mot Løfta. Her opnar landskapet seg, og du kan slå deg ned og nyte utsikta, og kanskje skrive namnet ditt i turboka som eit bevis på dagens innsats.

Tips: Du kan gå turen som ein rundtur – opp grusvegen og ned stien til boligfeltet på Kvennset. Eller du tek same vegen attende. 

Tårnet

Vil du ha ein tur som gir både høgdemeter og høg stemning? Då er Tårnet eit solid val. Her får du ein god miks av grusveg og skogssti, og på toppen ventar ei raud hytte, ei trimpostkasse – og ei utsikt som gjer at du gløymer både sveitte og motbakke.

Turen startar ved Todalen Ungdomshus, og du følgjer skogsbilvegen i om lag 3 km før du tek av på sti til venstre. Herfrå går det oppover i terreng som kan vere både steinete og sleipt. Så hugs gode sko og kanskje ein stav eller to om du vil gå stødig.

Når du kjem fram, får du panoramautsikt over Todalsfjorden og bygda – perfekt for ein pust i bakken og kanskje ein kaffiskvett frå termosen.

Gammelsetra

Vil du ha ein tur som tek deg gjennom skog og litt god gammaldags motbakke? Då er Gammelsetra eit godt val. Her får du ei roleg stigning som snik seg oppover gjennom skogen, og før du veit ordet av det, står du ved ei stor stein og ei trimpostkasse.

Turen startar ved første avkjørsel etter Rossåa bru. Du går opp til grustaket, held til høgre og følgjer vegen vidare. Når du ser skiltet med «Snevæn», er du på rett veg. Etter kvart deler vegen seg, men du held stø kurs  heilt til du når siste bakken og ser skiltet «Fast Steinskrøå». Der tek stien til høgre, og den leier deg heilt fram til Gammelsetra.

Bonus: Om du vil forlenge turen, kan du halde fram vidare innover mot setrene i Kvennsetdalen. 

Haukarsteinen

Ein tur med 325 meter stigning, gamle seterstiar og eit snev av overtru. For Haukarsteinen er ikkje berre ein stein, det er ein tradisjon. Her gjekk dei før i tida og ropa utover dalen for å skremme bort huldra før dei skulle til seters. Så skal du vidare innover Romådalen, må du for sikkerheits skuld ikkje gløyme å hauke frå Haukarsteinen. 

Turen startar ved skiltet til Romådalen. Du følgjer stien oppover lia, og etter nokre høgdemeter svingar du til venstre ved skiltet «Høghjellbrekkå». Derifrå er det berre å halde stien vidare. Du kryssar skogsvegen ein gong, og når du møter den igjen, går du 30 meter før du finn ny sti til venstre – denne leier deg heilt fram til Haukarsteinen.

Tips: Vil du ha ein rundtur, kan du ta skogsvegen ned igjen. Men hugs å ta av rett etter ei stor grushaug, då kjem du inn på stien du starta på, og får ein fin avslutning på turen. 

Fauskhjellen

 Turen til Fauskhjellen har moderat stigning og ein fin plass med benk og bord. Akkurat passe for ein liten kvil.

Turen startar etter redskapshuset ved Halsetvegen. Du følgjer skogsvegen til du ser eit skilt med pil mot Fauskhjellen. Etter skiltet kryssar du ei lita elv. Her er det fint å passere, men hugs gode sko om det har vore regn. Litt opp i neste bakke kan du velje mellom å ta av på ein sti til høgre, eller halde fram rett fram. Begge vegane møtest igjen lenger oppe. Ser du raude merker på steinar og tre, er du på rett veg.

Toåa tursti og Gunnøya

Ein tur som er tilrettelagt for alle, frå barnevogn til rullestol, frå sykkel til spasergåing. Toåa tursti har alt rukke å bli ein lågterskel-favoritt for turfolk i alle trimklassar. Her får du elvebrus, gapahukar, bålpanne og fiskerampe, og om du hugsar badetøyet, kan du teste eit friskt elvebad i Båthølen!

Turen startar ved Todalen kyrkje, der du følgjer den breie grusstien ned mot elva. Etter kvart kjem du til Båthølen, med ny gapahuk og tilrettelagt fiskeplass. Her er det fleire sitjeplassar og bålpanne, perfekt for ein rast med utsikt og kanskje ei grillpølse.

Etter ca. 1,1 km går det ein liten stikkveg ned mot Gunnøya. Her finn du ei triveleg gapahuk og turregistrering ved skilta med alle stedsnamna. For å gå resten av turen, går du opp att til stien og held fram vestover mot Todalsfjorden. Turen endar ved brua på Bordholmvegen,  og du kan ta same veg tilbake eller gå bilvegen rundt.

Tips: Stien er også oppkjørt med skispor om vinteren, så her er det tur heile året!

Ja-benken

Fin rundtur med nokre korte bakkar. Overkommeleg for dei aller fleste, sjølv dei som helst seier nei. 

Frå parkeringa ved Toåa tursti går du austover mot Husby-gardane. Ta til venstre opp mot gardane, og deretter inn på skogsveg ved den første garden. Når du kjem til eit lite pumpehus, startar stien.  Sjølv om den kan vere litt utydeleg etter tømmerhogst, vil du sjå ein stein med raud skrift som ønskjer deg ein fin dag. Det er eit godt teikn! Små sløyfer heng rundt om og viser vegen vidare til sjølvaste Ja-benken.

Herfrå går du ny sti ned mot boligfeltet over Holbrekkå (Flathaugan), og følgjer vegen tilbake mot turstart ved Toåa tursti.

Alternativ rute: Du kan også starte frå motsatt kant – gå forbi Husby-gardane og opp mot boligfeltet. Ta til venstre på skogsveg rett etter det første brune huset, og sving inn på stien oppe på flata. Begge vegar fører deg til benken som seier «ja» til tur!

Taløysetra (Talgøsetra)

Ikkje ein lang og krevande tur, men spar litt krefter til den siste bakken opp. Turen til Taløysetra er ein fin liten etappe oppover mot Innerdalen, og sjølv om stien kan vere litt blaut når Nordmørsvêret står på, er dette ein tur som passar dei fleste – med jamn stigning og god stemning.

Du følgjer raudmerka sti heile vegen frå turstart og opp til tuftene etter Taløysetra, som du ser mot slutten av siste motbakken. Her kan du ta ein pust i bakken og nyte stilla – eller…

…har du lyst på meir utsikt? Då er det berre å halde fram på stien i retning Bjøråskaret og Innerdal. Etter ein snau kilometer og ca. 100 høgdemeter kjem du til Tristeinan – ein stor stein med stor utsikt. Herifrå ser du Snøfjellet, Skjerdingfjellet og Kårvatn – og kanskje får du lyst til å gå endå litt lenger.

Gløym ikkje at dei fleste turane har digital trimbok-registrering! Det er Todalen IL og appen Trimpoeng som står for registreringa. Les meir her! 

Alle foto er henta frå nettstaden morotur.no

Publisert: 16. juli 2025, 11:18