Etter at det vart letta på restriksjonane for smittefaren for koronaviruset, har Stavganggruppa kome godt i gang med stavgangturane sine. Kvar torsdag har dei eit turmål, og denne torsdagen var det tur langs Åsskardfjorden som stod på programmet.
I dag var det mange som deltok på stavgangturen, og etter kvart letta været slik at det vart ein triveleg og fin tur utover langs fjorden. Etterpå vart det pause og kaffekos i lag med gode turkameratar. Neste tordag går turen til Svinvika, og der er det mange turmulegheiter og noko for ein kvar smak!
29