Todalen sanitetsforening er pådrivar for å arrangere trimturar kvar veke. I beste folkehelseånd motiverer dei folk til å røre på skrotten litt og prøver å variere målet for turane litt, slik at det skal bli variasjon og for at folk skal gjera seg kjente på heimlege trakter. Måndag gikk turen hadde turen start frå Bruset og gikk langs elva oppover til Fosstrøinn, Hafallmelen og til Nernesset, med Jon bruset som guide og kjentmann.
Ved Nernesset var det tid for ein kaffedråpe og pause ved gapahuken til Kristen Bruset, før turen gikk vidare – framleis etter elvakanten – til Hengebrua. Deretter bar det over brua og over til Hallsanesset, der tilbaketuren gikk etter vegen utover til Phillipsbrua i Ramsøydalan, og over brua til Djupdalen og til Bruset etter same traseen igjen.
På denne turen kan vi sjå mange spor etter Ethelberth Lorth Phillips i og omkring elva. Phillips bygde mange kunstige tersklar i elva først på 1900-talet. Mange av dei eksisterer framleis, og for nokre år sia restaurerte Todalen Elveeigarlag mange av disse i samarbeid med Trønderenergi som har regulert vassføringa i elva i samband med etableringa av Driva Kraftverk.
Nok om det – Jorunn Ørsal i Todalen sanitetsforening, oppfordrar fleire karra til å bli med på måndagsturane. Det er berre å følge med i kalenderen på Todalen.no, så finn du ut kva som er vekas turmål. Og så er det berre å stille opp!
Bildegalleri frå dagens tur langs elvebredda. Alle foto: Jon Olav Ørsal