Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny Trimsesong – no med heilårstrim!

Ny Trimsesong – no med heilårstrim!

Jon Olav Ørsal Fredag 16. oktober 2009

Trimpostane som Todalen I.L. har rundt i todalsnaturen er populære tiltak. Det har vore godt over to tusen registrerte besøk til disse trimpostane i sommarsesongen.
Jon Bruset og Knut Halset i trimgruppa fortel at det stadig har vore spørsmål om å ha trimbøker ute heile året.
Trimgruppa har derfor bestemt at når trimbøkene vart henta inn i haust, så vart det lagt ut nye som skal ligge til neste haust. Dei blir altså liggande eit heilt år før dei blir henta inn att.
Dei nye bøkene er no på plass på alle trimpostane, så det er ingen grunn til å venta med å starte neste trimsesong.
Det er bøker på desse plassane: Gammelsetra, Haukarsteinen, Naustådalssetra, Talgøsetra, Storhaugen, Tårnet, Fauskhjellen, Ansnessetra og i Bjøråskaret.
God trim!

Publisert: 16. oktober 2009, 18:08