Etter ei oppdatering av Trimpoeng-appen «På tur i Todalen» natt til i dag, opplever somme at det er problem med å få sjekke inn på turmåla i appen. Elinor Bolme i Trimgruppa i Todalen Idrettslag seier at ei mogleg løysing er å avinstallere appen og deretter laste den ned på nytt. Etterpå er det berre å logge seg på att med ditt vanlege brukarnamn og passord.
Dersom det er nokon som ikkje får appen til å fungere etter å ha prøvd dette, eller om det er turar ein ønsker å få registrert manuelt, er det berre å ta kontakt med Elinor Bolme på mobil: 901 96 268, så fiksar ho dette!
Trimpoeng-appen lastar du ned her: «Trimpoeng». Etter at nedlastinga er ferdig, logger du deg på med ditt vanlege brukarnamn og passord. Da ligg alle dine data og tidlegare innsjekkingar på turmåla lagra der.