Måndag 11. mars kl. 11.00 inviterer Todalen sanitetsforening til trimøkt i Sanitetshuset. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset er instruktør. Det blir trim både for vaksne og godt vaksne, både for dei som stiller på Kløvertur og Rusletur og alle andre interesserte som ønskjer gode trimtips!
Ingrid vil instruere og vise gode øvingar som kan brukast i kvardagen heime. Kanskje kjem ho også med gode turtips.
NB! Både karar og kvinner er velkomne til å bli med på trimøkta! Det gjer godt for alle!
Etter trimmen blir det enkel servering.
Treng du skyss, kan du ringe:
Dordi Jorunn, tlf.: 92 45 80 07.
VEL MØTT TIL TRIM!