Dei siste par dagane har Mesta trimma asfaltkantane på fylkesvegane rundt bygda. I kombinasjon med litt grøfterens får ein tranportert vatnet bort frå vegbanen og dermed slepp ein alle sølepyttane etter vegen.

Gravemaskin med spesialutstyr for å rense asfaltkanten. Skjøre asfaltkantar gjorde at ein måtte være forsiktig, fortalte Birger Moen som satt bak spakane i gravemaskina. Foto Jon Olav Ørsal
Som sagt var det Mesta som var ute med gravemaskin med spesielutstyr for kantrens som sørga for jobben og lastebil for oppsamling. Birger Moen handterte spakene på gravemaskina, medan Peder Moen sørga for å transportere vekk torva som vart til overs.