Motorsag i ukyndige hender er eit farleg reiskap, det er vel ingen i tvil om. Denne gjengen er samla ved Øygarden på Nordvik for å lære seg trygg bruk av motor, og nyttar haustferien til å lære mer både om bruk og stell av motorsag. Kurset vart arrangert i samarbeid mellom Surnadal kommune etter eit opplegg frå Aktivt skogbruk, fortalte Tore Gjul, som er skogbrukssjef i Surnadal kommune.
Det er Ingebrigt Landsem som er kursleiar, og med Tore Gjul som medhjelpar, og dei har 6 kursdeltakarar som har lært bruk og stell av motorsag den førte dagen og skal fortsette med hogstteknikk med felling og kvisting dei neste dagane.Gjennom denne opplæringa er det sjølvsagt lagt stor vekt på sikkerheita under arbeidet. – Vi startar med å plukke vekk alle uvanane dei har lært heime gjennom tilfeldigbruk av motorsag, seier Ingebrigt Landsem – og så legg vi veldig stor vekt på bruk av verneutstyr – både klede, hjelm og anna utstyr.
Vi sett stor pris på at vi får lære å arbeide rett og at vi arbeider inn sikre vanar i bruk av utstyr og sikring under felling, var omkvedet blant kursdeltakarane. – Da vi drog derifrå skulle dei i gang felling av trær i vanskeleg forhold og lære seg å styre fellinga ved bruk av ein jekk.Siste dagen blir det som ein liten eksamen, med konkurranse i presisjonsfelling, fortel Ingebrigt Landsem, med eit lite hint til Tore Gjul om å skaffe ein premie eller to.