Trimgruppa i Todalen idrettslag inviterte søndag til bakelsfest på Tjønnmyran. 3-4 bakeljarn gjekk på full fres med bakelsproduksjon til dei 60-70 gjestane som stakk innom til nykoka kaffe og nystekte bakels med graut.
Todalen idrettslag er med og feirar friluftslivet år, og dette var eit av arrangementa som står på plana til Trimgruppa i TIL. Det var faktisk eit arrangement der du ikkje trong verken pengar eller betalingskort – vi har så solid støtte gjennem andre arrangement gjennom året at vi denne gongen ville gje noko tilbake til dei som støttar oss, sa leiear i trimgruppa Toril Talgø.

Trimgruppa slo til med eit triveleg gratisarrangement – Frå venstre Lars Kvendset, Torill Talgø, Sissel Halset Storslett og Anita Talgø – stas at det kom så mykje folk. Foto Jon Olav Ørsal
Og jammen gjekk det unna med bakels og kaffe og folk kunne verkeleg kose seg i finvêret – kanskje var dette ein av dei siste dagane med ein snev av sommarvêr for i år. Den yngre garde kose seg i klatreparken medan mange nytta høver til å besøke trimposten for «Turar i Todalen» som litt på enden av lysløypetraseen.
Nedafor har vi laga eit lite bildgalleri – alle foto Jon Olav Ørsal