Den felles basaren for Trimgruppa og Ski-/friidrettsgruppa søndag ga ei bruttoinntekt på over 22.000. Det er veldig bra og komiteen fortel at det er spesielt førehandssalet som har vore heilt eventyrleg. I kollisjon med fotballkampen på Bordholmen og det fine søndagsværet så vart det ikkje så mykje folk på basaren i Ungdomshuset. Hovudgevinsten på basaren som var eit gåvekort frå Kårvatn Fjellutstyr, som gikk til Hegernesset. Trekningsliste finn du her!
![basarbord_6500](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/04/basarbord_6500-430x254.jpg)
Det var også utdeling av premiar for trimbøkene, medaljer for deltaking på «Barn i løypa» og skimerke for 2011. Trimmarane som hadde flest besøk på den enkelte trimpost fikk ein fin kopp. I tillegg var det trekt ut ein voken og eit barn på kvar trimpost.
![Skimerke_6510](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/04/Skimerke_6510-430x287.jpg)
![Premie_6498](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/04/Premie_6498-282x300.jpg)
Dei som hadde flest besøk på trimpostane var:
Løfta: Olav P. Kvendset
Naustådalssetra: Inger Astrid M. Kårvatn
Gammelsetra: Eilert Kjølstad
Storhaugen: Jon bBruset
Tårnet: Nils Øyen
Haukarsteinen: Alf Inge Ulvund
Ansnessetra: Olav Gjeldnes
Fauskhjellen: Terje Nordvik
Talgøsetra: Jon Bruset