Trimgruppa i Todalen Idrettslag er i gang med årets fellesturar for trim til lokale turmål, melder leiar Jorunn Nordvik. Dei inviterer alle som har lyst på litt trim i lag til å møte opp og bli med på tur. Dei har foreløpig sett opp terminliste fram til slutten av juni, men bebudar at det skal bli enda fleire turar utover sommaren og hausten. Den første turen går alt onsdag 25. mai til Botnan og Tårnet…
Det er enno ein del snø i fjella, og det er derfor lagt opp til lokale turar på vårprogrammet, som ser slik ut:
- Onsdag 25. mai tur til Tårnet om Botnan. Oppmøte vedahuset oppå Hauligardane kl 18.30.
- Onsdag 1. juni tur til Blækhammarholet på Kvendset. Oppmøte Sanitetshuset kl 18.30. Gudmund K. Kvendset blir med som kjentmann.
- Onsdag 8. juni tur til Haukarsteinen. Oppmøte Heggøya kl 18.30.
- Onsdag 15. juni tur til Fauskhjellen. Oppmøte Ræta kl 18.30.
- Onsdag 22. juni tur til Åsbøsnyta. Oppmøte Matkroken kl 18.30. Samkjøring til Nordvik.
Fleire turar kjem utover sommaren og hausten om det er interesse for det…