Det er no tid for å starte sesongen for organisert innetrim i gymsalen ved Todalen oppvektsenter. Tysdag 29. oktober er første dag, og det er planlagt å starte kvelden med barneleik for born opp til 3. klasse i tidsrommet 18-19. Deretter vil ein fortsette sameaktiviteten for 4-8 klasse i tidrommet 19-20. Så rundar ein av kvelden med «Gubbetrim» frå kl 20 og utover kvelden.
Ta deg fri denne kvelden og kom på gubbetrim. Det gjer så godt og det blir artigare til fleire vi er, seier initiativtakarane Ola Kvendset og Knut Bergli. Ta kotakt med dei to dersomn det er noko du lurer på! Denne aktiviteten blir kvar tysdag kveld framover til det nærmar seg jul, melder Todalen idrettslag.