SkiMo youthcamp Nordmøre er i gang, og startskotet gikk på Kårvatn på tampen av fredagen. Nokre av deltakarane på ungdomscampen starta randohelga på Kårvatn, og stakk til fjells på treningstur på slutten av lysdagen. Dette er starten på ei heil helg med randonee – trening fredag på Kårvatn og laurdag i alpinbakken i Surnadal, og konkurranse i Settemsdalen søndag. Vegard Øie som er på randolandslaget kjem for delta på treninga og for å være inspirasjonskjelde for de unge randoløparane, seier Gudmund Kårvatn i Trollheimen Fjellsportklubb.
Laurdag er det felles trening/opplæring/aktivitet i Surnadal Alpinsenter, og her blir dagen avslutta med ein sprintkonkurranse. Vidare blir det litt teori og sosialt på kveldstid etterpå. Vi er utruleg heldige som har fått med oss Vegard Øie frå randolandslaget på denne randohelga, og vi håpar at så mange som muleg kan bli med for å bi kjent med randoneesporten.» Vårt håpe er at vi skal få med fleire og at vi kan få med fleire lokale deltakarar til å delta på renn. Under rennet i settemsdalen søndag er det forresten uttaking til til årets EM som bli arrangert i Madonna di Campiglio i Italia – kriteria for uttak kan du lese om her.
Seinare i vinter, helga 21. og 22 mars er det klart for Skimo Kårvatn. Da blir det ei heil helg med randonee på Kårvatn, med Todalen Idrettslag som arrangør. Hit er det venta at teten i norsk randosport kjem til å delta, og vi kan berre begynne å gle oss på fine forhold både for løparar og publikum i Dalalia i vårsola.