I morgon klokka 18 er det lokaloppgjør mellom G14- laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal. Begge laga skal til Norway Cup, og har allerede byrja oppkjøring til neste helgs turneringsstart. STUK-laget skal ha treningssamling i Todalen fredag til laurdag med overnatting i klubbhuset på Bordholmen.
Her blir det trening både i fotballferdigheter og overnatting på flatseng, samt mykje sosialt. Det blir lagt opp til grilling saman med foreldre og støtteapparat fredag kveld, samt felles frokost laurdags morgon.