Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Treng fleire bøssebæarar – meld deg frivillig

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. oktober 2019

Det trengs fleire bøssebærarar til søndagens TV-aksjon med innsamling til CARE, fortel koordinator i Surnadal kommune Anne Lise With Wullum. TV-aksjonen er avhengig av at folk melder seg frivillig for at heile kommunen skal bli dekt. Det er no spesielt i Nedre Surnadal at manglar folk til å gå med bøssene. Her kan du sjå kva «roder» som ikkje er dekt opp, og har du lyst til å være med og ta eit tak så er det berre å melde seg til innsats. 

«Etter at TV-aksjonen har bedt oss om å kun oppfordre folk til å melde seg som bøsseberarar via nettsida for TV-aksjonen: www.blimed.no reknar vi ikkje med full bøsseberardekning dei første åra. Det er 100% frivillig å velge å gå med bøsse for TV-aksjonen, men det er ikkje sikkert at alle har fått med seg dette med at kommunen ikkje lenger sender ut brev og sett opp folk. I år risikerer vi difor at mange grender ikkje får besøk av bøsseberarar og det er synd. For dei som ikkje ønskjer å registrere seg digitalt, men vil gjere ein innsats og gå 1.5-2 timar med bøsse, er det framleis muleg å komme eller ringe for å skrive seg på bøsseberarliste i Servicetorget på kommunehuset.

Aksjonskomiteen i Surnadal – no ventar dei på at du skal melde deg frivillig. Foto: Jon Olav Ørsal

Slik er status for bøssebering i Surnadal kommune no:

Full dekning: Åsbø-Kårvatn, Telstadvegen-Rindalsgrensa begge sider, Trudvang-Torvik -her har vi aktive medlemmar i Sanitetsforeningar som har mobilisert godt, Stormyra 1-2 og Svartvassområdet er og dekt opp.

Det er størst behov i Nedre Surnadal, Stangvik og Bøfjord/Bæverfjord krins.
INGEN har meldt seg som bøsseberarar her:
· Øye bru-Sylte
· Berset – Heggset-Glærum kai-Bøvra
· Glærum kai – Hamnes
· Sletta-Settemsdal
· Bøfjord-Kallset-Bøklepp
· Aaskard-Bele-Flessen
· Hakstad-Øygarden-Gjerdahaugen
· Øye bru-Røssmoen
· Institusjonane
· Nordmøre Folkehøgskule
· Grimsmo-Modalane
· Storsvingteigen-Korkvn-Benvn
· Galtmettet-Østbødalen
· Pestutrøa-Søyset-Kvanne-Kråkhammaren
· Grønneset-Stangvik-Brøskehagan

Det aller beste er om folk registrerer seg via www.blimed.no så kjem dei og hentar bøsse i servicetorget frå ons 16. okt –fre 18. okt mellom kl. 09-17.
Sjølve bøsseberinga skjer mellom kl. 15-17, søndag 20. oktober med bøsse-innlevering i Surnadal sparebank mellom kl. 16-18.»

Publisert: 9. oktober 2019, 06:42