Etter kvart som det blir mindre uteaktivitet er det viktig å kome i gang med litt innetrening i gjen. TILs treningsstudio – Hett & Svett – står der og har mykje ledig kapasitet. Måndag kveld var det lagt opp til info-kveld, med opplæring og instruksjon i bruk av utstyret med Ola Einar Øyen.
Ola Einar Øyen tok oss med på ein gjennomgang av alle dei treningsapparata, korleis dei fungerte og kva funksjon dei hadde i treningssamanheng. Dersom ein startar «framåfrå» er det viktig å starta med ei skikkeleg oppvarming, og ta det med ro og forsiktigheit ved bruk av apparata. Det kan for eksempel starte med å «få opp stimen» på tredemøllene eller på ergometersykkel – og forsette med dei apparata eller aktivitetane som ein har lyst til å bruke.
10-15 interesserte var innom på denne demokvelden og for å gjera seg litt kjent med utstyret. Ola Einar kjem til å bli på «Hett & Svett» ein del utove hausten for å trene sjølv, og stiller meir enn gjerne opp med litt gode råd dersom du treffer han der på kveldstid. Han kan også gi deg hjelp med å sette opp enkle treningsprogram. Eit av råda han kom med var at du ikkje må drive treninga så hardt at du går lei.
Som sagt er det Todalen Idrettslag som eig og driv Hett & Svett. For medlemar i Todalen I.L. er det gratis å bruke treningssentret og utstyret, men det er ope for alle. Treningssentret er bygd på dugnad, og held til i lokala til Posten/BP-stasjonen. Drifta er basert på at den enkelte ordnar opp etter seg og passar på at ustyret ikkje blir øydelagt. På Hett & Svett litt forholda godt til rette, det er berre å sette i gnag.
Terje N. har alt organisert ny «gubbetrim» på Hett & Svett i vinter – kvar måndag kl 18.30 – kom å varra med den som vil, seier han.