Ein skulle kanskje tru at golf er ein sesongbetont sport. I Surnadal er ikkje dette tilfelle då det i Surnadal er ein moderne golfsimulator frå 2008 som er godt besøkt av ivrige golfarar no når det er litt «off season» på golfbanen på Kvanne. Simulatoren er lokalisert på Landbrukshuset på Skei og det er firmaet Bjarne Schei AS med dagleg leiar Bjørn Schei, Surnadal Golfklubb og fleire medlemmar av Surnadal Golfklubb som er hovedaksjonærar.
Simulatoren er eit godt supplement til golfbanen no i vinterhalvåret. Her blir utalige treningstimar lagt ned, mens ein ventar på vår, sommar og den grønne green. I simulatoren kan ein velgje mellom 30-40 «ekte» banar verda over der ein kan kjenne seg att fra turneringer som blandt anna vises på fjernsyn.