Gjengen på Søya/Todalen G12 har starta treningssesongen 2020. Med nokre koronarestriksjonar var det likevel full fart på treningsfeltet på Bordholmen i går kveld. Det er ikkje lagt opp til kampspel, derfor var det desto større fokus på både teknikk og kondisjon i staden. I år består dette laget av gutar fra Todalen og Kvanne, fra 11 år og opp til 13 år.
Alt seriespel er så langt stoppa denne sesongen, men gjengen trenar likevel to gonger i veka, både på Kvanne og i Todalen. Fleire Idrettslag rundt om har også bestemt enten å avlyse eller utsette sine planlagte cup arrangement.
Det siste energinivået før avslutning må ut, så da var det fint å avslutte med doggisar tykte Geir Atle. Ein god gammal slager som ikkje går av moten.