Måndag ettermiddag kl. 19:45 var det trekning i Sommarlotteriet til Todalen Idrettslag. Totalt vart det selt 870 lodd, noko som gjev 17.400 kroner til drifta av idrettslaget. Inntekta frå lotteriet er særs kjerkoma i desse Koronatider der det er vanskeleg å finne inntektskjelder til drifta av idrettslaget.
Dei heldige vinnarane i lotteriet er som følger:
6.gevinst: Hengekøye frå Power Surnadal
Vinnar: Marit Sanden Søyset
5.gevinst: Kontorstol born frå Matkroken Todalen
Vinnar: Ragnhild Ansnes Moe
4.gevinst: Sykkelhjelm frå InterSport Olaf Moen eftf. AS
Vinnar: Emil, Erika og Elea
3.gevinst: Kontorstol vaksen frå Matkroken Todalen
Vinnar: Nils Øyen
2.gevinst: Bag frå Kårvatn Haldelskompani
Vinnar: Astrid Hoem
1.gevinst: Visa Gåvekort frå Surnadal Sparebank på kr. 3.000,-
Vinnar: Sondre Halset
Vinnarane er kontakta på telefon.
Todalen Idrettslag vil nytte høvet til å takke alle som har kjøpt lodd for den fenomenale støtta! Dei vil samstundes takke sine samarbeidspartnarar som har bidrege med fine gevinstar til lotteriet.
Nedanfor finn de trekningsprotokollen.