Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trefte kjentfolk på Færøyane

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. mai 2025

Norsk sigar- og lutfisklaug er ein gjeng reiseglade personar frå Møre og Romsdal og Trøndelag, som minst ein gong kvart året møtest for sosialt samvær. Ofte reiser dei også på tur saman, til reisemål både innanlands og i det store utland.

Lauget har seksten medlemmer, og førre tysdag reise tolv av dei på ein fem-dagars-tur til Tórshavn på Færøyane.

I Tórshavn trefte dei på fotballspelaren Fabian Østigård Ness (snart 26), som spelar for hovudstadsklubben B36 Tórshavn, ein klubb han har spela for sidan i fjor sommar. Fabian er sonen til Leif Arne Ness frå Bjørnrud, og som no er materialforvaltar i Rosenborg BK og eigar av Nygården på Todalsøra.

Fabian Ø. Ness med årets HalsOil caps! Foto: John Moe

Fabian har på seniornivå tidlegare spela for Strømmen IF, Grorud og IK Start, før han altså sommaren 2024 kom til Færøyane og  B36 Tórshavn.

Publisert: 31. mai 2025, 11:23