Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trefte gaupa uti Stranda!

Trefte gaupa uti Stranda!

Jon Olav Ørsal Fredag 30. oktober 2009

Bjørgulf Øyen og sonen Jan Vidar fekk seg ein overraskelse torsdag kveld, da dei trefte på ei gaupe uti Standa.
Dei kom med bil frå Surnadal da dei i 21.30-tida trefte på gaupa mellom rasteplassen og bakketoppen litt innafor (Eggesvaet). Gaupa kom opp på vegkanten frå sjøkanten og passerte opp i skogen, og de kom faktisk så nær som 5-6 meter frå rovdyret.
Bjørgulf er bussjåfør og ser mykje dyr rundt vegkantane, og det er ikkje meir enn et par veker sidan han såg gaupe på vegen ut mot Årnes i Surnadal. Nesten samtidig observerte han også ein ulv like ved Svorkmo. Seinare har han fått bekrefta frå viltnemda i Orkdal at det faktisk har vore gjort andre oppservasjoner av ulv i området.
Så her er det berre å ha «skuddklart» kamera i bilen når ein er ute og fartar. Vi tek meir enn gjerne mot eit rovdyrbilete for presentasjon på Todalen.no!

Publisert: 30. oktober 2009, 01:19