Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Treffast har vore på veddugnad

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. mai 2023

I dag har Treffast Surnadal vore hos Ole Johan Kvendbø på Eidet og pakka ved i sekkar. Ole Johan er storprodusent av ved, og Treffast var der for hjelpe til med å pakke vedsekker som skal delast ut komande vinter. Treffast får bidrag frå det lokale næringsliv, og ønsker difor å gje noko attende til næringslivet og lokalsamfunnet i Surnadal. 

Arbeidet går fort unna når ein er fleire i lag. Foto: Ann K. N. Bruset

Det vart pakka mange sekker med ved. Som ordtaket seier: «Uten mat og drikke, duger helten ikke», så det vart servert pølser med brød, kaffe og heimelaga eplekake, noko som gav ny energi og godt humør til arbeidet med vedkubbane. 

Godt med kaffe og heimelaga eplekake! Foto: Ann K. N. Bruset

Treffast Surnadal har alltid tid og interesse for alle. Kvar tysdag og torsdag, frå klokka 11:00 – 13:00, har Treffast samling på Frivilligsentralen i Surnadal på Skei. Tysdagane er også fast turdag. Alle aktivitetane blir kunngjort på Treffast si private Facebookgruppe.

Ved til vinteren! Foto: Ann K. N. Bruset

Nyleg var Treffast Surnadal på motivaskveld med Arild Hoksnes i Rindal. Han vart oppriktig glad over å høyre namnet Treffast, og tykte det var eit fint namn på ein frivillig organisasjon. 

Arild Hoksnes under motivasjonskvelden i Rindal. Foto: Ann K. N. Bruset

Ordtak: «Si hei og smil til alle! Du vil bli så overrasket, og folk vil slett ikke tro du er spinn gal! De vil like det»

 

 

 

 

Publisert: 4. mai 2023, 15:48