Treffast Surnadal fekk for rundt to år sidan avtale med ein grunneigar om å disponere ei hytte ved vegen opp til Syltnebbå. Sidan avtalen vart gjort, har Treffast hatt dugnadar, der gjengen har vist stor «stå-på vilje» og måla hytta, både innvendig og utvendig. Dei har også fått bygd ein utkikks-plass ved hytta.
Treffast er frivillig arbeid for å skape trivsel, samhald og knyte venskap. Dei ønsker å gje noko tilbake til lokalsamfunnet, så om nokon treng hjelp, så er Treffast der for å støtte og hjelpe.
I tillegg til å male hytta, har Treffast rydda skog rundt hytta, laga blomsterbed, sett opp utgard med grund rundt hytta, bygd platting og grusa utkikks-plassen. Dei har også sett ut bord og benkar. Alle som vil kan nytte utkikks-plassen og utedoen. Men hugs å rydde etter bruk, slik at plassen er fin til neste besøk!
Treffast har opplevd stor givarglede frå lokalt næringsliv, kommunen og andre i samband med prosjektet, noko dei er særs takknemlege for og ønsker å seie tusen takk for!
Treffast har faste møtedagar på Frivilligsentralen på Skei kvar tysdag og torsdag, men vil nok no i sommarhalvåret bruke hytta og utkikks-plassen så mykje som dei kan. Hytta ligg omtrent ein kilometer oppover vegen til Syltnebbå. Ved postkassen som Stikk UT! Vinter har der, svingar ein ned til venstre.