Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trefall i Brusetmelan – utan dramatikk

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. januar 2020

Mykje vind og nedbør førte til at eit tre ga seg for overmakta og bøyde seg over vegen.  Personbilar som ikkje var for høge kunne passere utan problem, men større bilar måtte litt utom vegkanten for å kome forbi.  Begge skulebussane måtte smyge seg forbi staden, med det var ingen problem med å passere konstaterte skulebussjåfør Kristian Kjølstad.

Det nedblåste treet henger i telefonkabelen som går forbi, så her bør nok Telenor reagere dersom dei vil berge linja til fasttelefonen. Kjem det ein høg lastebil forbi så vil nok han nok lett feie med seg både det eine og det andre!

Dei par siste dagane har det vore mykje vind og nedbør, og det er ikkje rart om det rønner på for skogenen langs vegane. I dag, onsdag , er det meldt noko lunde bra vêr og ubetydeleg nedbør. Men torsdag er det på’n igjen med mykje nedbør utover ettermiddagen og kvelden.

Skulebussen måtte svinge litt utom vegskuldra, men passerte uten problem. Foto: Jon Olav Ørsal

Inge problem med å passere, konstaterte skulebussjåføren Kristian Kjølstad. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. januar 2020, 08:40