Det er i dag bekrefta tre nye smittetilfelle og to uavklarte positive hurtigtestar i Surnadal.
Dei tre som har fått bekrefta smitte ved PCR-test er barn i same husstand som dei to vaksne som fekk påvist smitte i går, søndag. Dei har alle vore i ventekarantene sist veke og det er ingen risiko for vidare smitte. Desse er i isolat med restan av familien ut veka.
I tillegg er det i dag utført hurtigtestar på eit større antal personar knytt til ei anna pågåande smittesporing med utgangspunkt i reise til Oslo tidlegare i november. Dette etter at kommunen vart kjent med to nye mulege smittetilfelle med berøring til ulike møteplassar og ein arbeidsplass.
Det er iverksett tiltak ved arbeidsplassen. I etterkant av testinga i dag, er det to positive hurtigtestar som skal avklarast med PCR-test.
Det kan sjå ut til at det kan ta noko lengre tid før hurtigtestar gir positivt utslag hos fullvaksinerte, utan at vi kan konkludere noko sikkert ut frå dette.
Det er eit visst smittetrykk i vår kommune no. Formmannskapet skal orienterast om smittesituasjonen i sitt møte i morgon, 30. november