8. klasse ved Surnadal ungdomsskule har hatt spanande dagar med leirskule på det gamle fiskeværet Bjørnsund utafor Bud. Heile det 8. årstrinnet reiste utover sist måndag og hadde tilhald på leirskulen i det gamle fiskeværet til fredag. Det vart travle dagar frå 8 om morgonen til kl 17 om ettermiddagen – og sjølvsagt ein bratt læringskurve når dei både skulle lære og prøve «livet i fjøra» i løpet av veka.
Her var det både teori og praksis – delt i bolkar – og på pensun stod både garnfisk og teinefiske. Fangsten måtte dei lære å sløye og lære kva slags fangst dei hadde fått på kroken elelr i garnet. Mykje anna måtte dei også lære – vi kan nemne sjøvettsreglar, namn på fiskar, fuglar, algar og sjødyr og ikkje minst fikk dei lære om forståing av marin forsøpling. I tillegg fikk dei dosar med historie om både Bjørnsund og livet på kysten – slik som historia til Bua-Marit som skapte spenning.
Ingvild Kårvatn var med som foreldrerepresentant, og vi har fått mange fine bilder frå turen og ho fortel at borna kosa seg og stortrivdes på leirskulen på Bjørnsund.