I dag var vi og tok pulsen på ei av turistnæringene i Todalen, hos Cathrine L Kårvatn på Kårvatn. Ho held i alle trådene for at alle besøkende fjellturistar skal få eit så bra opphald som mogleg når dei kjem til gards. Enten om dei berre er på dagstur i området, eller benytter seg av dei ulike overnattingsvariantane som fjellgarden har å tilby. Her kan turistane velje mellom 28 sengplassar fordelt på den sjølvbetjente hytta Målastuå og leiligheta i Gammelstuå.
-No har vi lagt bak oss ein veldig godt besøkt periode, fortel Cathrine. Det har vore stor utfart, både av fotturister som kjem ulike vegar over fjellet, men også av tilreisande som tek seg ein tur inn til Nauståfossen og andre småturar i nærområdet. Akkurat no er det på det minste med overnattingsgjestar, men mens vi står og pratar dukar Steinar Pettersen og Rigmor Longva frå Ålesund opp. Dei er på veg nordover, men hadde lagt turen om Todalen først.
Ekteparet John og Tina Andersson frå Danmark kom får Innerdalen i dag. Dei starta ferien i Rondane sist søndag, og skulle tilbake til Storlidalen i morgon, før dei skulle fortsette i retning Jotunheimen og Beitostølen etter kvart.
-Ja, dette er eit konsept som til heilt klart baserer seg på tillit, fortel Cathrine. Vi har ein velfylt matskåp som gjestane fritt kan forsyne seg av, mot at dei naturleg vis noterer det dei tek og betaler for det ved avreise. -Dessverre ser vi nok at varelager og innkomne midlar ikkje alltid samsvarar, men det er ikkje så mykje å få gjort med. Det vil nok alltid vera nokon som «snik» seg unna uansett, så det kan vi ikkje bruke så mykje energi på, smiler ho.
Likevel om det den seinare tida har vore godt med besøkende viser gjesteboka vel 220 overnattingsgjester så langt denne sesongen. Tala frå samme dag i fjor viser ein liten nedgang frå rundt 290. -Vêret har nok spela inn her, da fjoråret hadde ein finare tidlegsommar enn så langt i år. Men eg reknar med det tek seg opptatt til helga, seier Cathrine. Og derfor dreg vi i gang med frokostbuffet i løpet av neste veke. Da blir det heimbaka brød og rundstykker, koka egg og andre ulike påleggsvariantar om nokon av dei besøkende vil ha. -Her er det etterspørselen som bestemmer om det blir eller ikkje, med påmelding kvelden før, avsluttar den travle drivaren før ho fortsett på kveldens gjeremål.