Onsdag trefte vi handelsmann Nordvik som var travelt oppteken med lasting av varebilen med kurs for Stangvika. Matkroken Todalen har fått alle leveransar av matvarer til Stangvikfestivalen, både for aktivitetane i Bondehuset og til «festivalhotellet» på Årvak, der ein del av artistane bur i festivalperioden. Det er ein del av strategien til Stangvikfestivalen å bruke lokale leverandørar seier Nordvik, og siktar til at festivalen faktisk startar i Todalen torsdag kveld.
Vi hengte oss på med handelmannen på turen til Stangvika og først til Årvak der vi fylte varene direkte til kjølerommet. Dei første bebuarane var alt på plass på festivalhotellet, for øvingane til festivalen er alt komne i gang. Neste stopp var Bondehuset der det skulle leverast matvarer med tanke på serveringsaktivitetar til publikum. Her var det mellom anna tilbehør til dei berømte fiskebugarane som nærast er merkevare for Stangvikfestivalen.
Her var det leiaren i festivalstyret, Jo Inge Nes, som tok i mot og losa oss inn på kjøkkenet med vareleveransen. I Bondehuset var det travel aktivitet med øving, der Trygve Brøske og Magne Vestrum nærast ikkje ensa at vi knipsa et bilde av dem. Dei to skal i elden alt første kvelden, under «tjuvstarten» i Todalen ungdomshus torsdag kveld. Der skal dei opptre saman med resten av Unni Boksasp Ensemble.
Handelsmann Nordvik fortel at han har avtale med Stangvikfestivalen om leveransar og supplering kvar dag under festivalen. – Slike leveransar har stor betydning for oss, og vi set sjølvsagt stor pris på dette. Og som sagt så er det «tjuvstart» i Todalen ungdomshus torsdag kveld kl 20. Stangvikfestivalens opningskonsert skjer imidlertid fredag kveld kl 18 i Prestegardsstua og programmet fortsett i Bondehuset med opning av utstillinga der Cobo Omvlee er årets festivalutstillar.
Les meir om Stangvikfestivalen, og programmet, på festivalen nettside