Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travel tid med robotmontering

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mai 2022

No når varmen kjem er det ei travel tid for Arild Mogstad på Eiksentret i Surnadal.  Da er det både sal og montering av nye kløpparar, og utplassering av kløpparar som har vore inne på «plenklipparhotel» i vinter for lagring og vedlikehald.

Aril bruker motorisert hejlp for å lage spor til styringskablane som ligg i jorda. Foto Jon Olav Ørsal

Arild fortel at det er mange som etter kvart investerer i robotkløpparar og som dermed får ei lettvint løysing på plenkløppinga.  Forleden var Arild på Todalshytta for å sette ut robotkløpparen, og her måtte det delvis leggast nye styringskablar ettersom det har vore gravearbeid rundt husa oppå der. 

Robotkløpparane er nemleg inngjerda med ein kabel som er lagt ned rundt utkanten på plena – dermed held kløpparaen seg innafor «gjerdet» og kjører på med plenkløpping heile døgnet – eller slik som dei blir programmert, og det blir fine og velfriserte plener med bruk av robotkløppar.  

Styringskablane er skjult 6-7 cm under plena og sørger fior av robotkløpparane finn heimatt til ladestasjonen sin. Foto Jon Olav Ørsal

Eiksentret er medlem i Todalen.no  

Først publisert: 24. mai 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 23. mai 2022, 21:06