Det er berre ein månad att til Stortingsvalet og no tetnar nok valkampen til fram mot valdagen 11. september. Tysdag var det Arbeidarpartiet som gjorde framstøt og fekk drahjelp av partisekretær Kjersti Stavseng, som besøkte Nordmøre saman med APs 3. kandidat Tove Lise Torve og 4. kandidat Roger Osen i tillegg til valkampmedarbeidar Arne Grødal og med Lilly Gunn Nyheim som «reiseleiar».
I tillegg var det sjølvsagt eit haleslep med lokale politikarar og pressefolk som deltok på hele eller deler av rundturen på Nordmøre. Rundturen starta i Kristiansund og gikk via Halsa til Surnadal, der det var stopp på Surnadal Transport, der og PipeLife deltok. Her var sjølvsagt FV65 og samferdsel eit av dei sentrale tema.
Vidare bar det til Talgø MøreTre, der Terje Talgø orienterte om historiske utviklinga i Talgøkonsernet og om utbyggingsplanene. Talgø MøreTre satsar nemleg 120 millionar på utbygging og modernisering av bedrifta dei 3 komande åra. På møtet hos Møretre deltok også Karin Halle som er dagleg leiar i Surnadal hamneterminal og tema for møtet her var sjølvsagt samferdsel og sjøvegs transport med fokus på miljø.
Reisefølgjet fortsette til gardsbesøk på Nordvik, der det var møte med bondelaga både lokalt og regionalt, i tillegg til folk frå Tine og banken som orienterte om kva det blir jobba aktivt med i jordbruket. Her var det også tid for kulturelle innslag, der bl.a. 5 år gamle Dennis Haltli Saksen framførte «E slåttatæja» saman med Inge Bævre.
Så bar det vidare over med ferga der det var tid for oppsummering av turen så langt og sjølvsagt var tverrfjordleg forbindelse og 40 års nedbetalingstid på ferjeavløysingsprosjektet var sentralt tema. Det vart også tid til å treffe Sunndalspolitikarar i Ålvundfjorden før turen gikk vidare til flyplassen for sekretær Stavseng med følgje.