Det har vore ei travel helg for mannskapet i Surnadal Røde Kors. Først med innsamlingsaksjon som samla over 302 000 i Surnadal kommune, som er eit skikkeleg krafttak frå innsamlingsgjengen som har gått frå dør til dør i heile kommunen. Deretter med fleirkulturell bygdekveld i storsalen i kulturhuset.
På bygde kvelden var det mykje song og musikk, mellom anna ei eritereisk gruppe som framførte song, musikk og dans frå heimlandet. Elles bidro milie Bøske Rønning og Synnøve Trønsdal Røen med song, og ei dansegruppe frå kulturskulen viste sine kunster på scena.
Frå Halsa kom gjengen frå Halsa og Valsøyfjord sanitetsforening, som fortalte om sitt arbeid på flykningemottaket på Lesvos – ei gripande forteljing i ord, bilder og film om det som skjedde. Elles var ordførar Lilly Gunn Nyheim med og kasta glans over arrangementet. Ho hadde også med seg ein gåvesjekk til innsamlingsaksjonen frå kommunen og blomster som ein honnør til leiar Reidar Brøske.
Inntekta frå den fleirkulturelle bygdakvelden gikk i si heilhet til innsamlingsaksjonen, og alle som deltok på scena og med sjølve arrangementet gjorde det uten honorar. Bøske retta og ein stor takk til alle som har ytt bidrag både til innsamlingsaksjonen og til bygdekvelden.

Distriktsliar Thomas Enoksen orienterte om verksemda til Røde Kors både regionalt, sentral og internasjonalt. Han var imponert over tiltaket med fleirkulturell bygdekveld. Foto: Surnadal RK

Hans gujord, Anne Grete Botten og Lisa Aasbø frå Halsa og Valsøyfjord sanitetsforening var til Lesvos på frivillig innsats på flyktningemottak der. Søndag kveld orienterte dei om turen, arbeidet og opplevinga til publikum. Foto: Surnadal RK