Det er no full fart på øvinga til «Hoinner å æn ut» som er julekabareten som går i ungdomshuset 3. juledag, seier revysjef Svein Åge Saksen. Smakebitar som Todalen.no fikk være med på under øvinga borgar for godkvalitet på programmet, og vi har noko å glede oss til 3. juledag.
Kjøkkensjefen er også på hugget med 3 retters opplegg til 3.-dagskvelden. Jon Olav Roaldset byr på Skanksuppe Creame til forrett, Kjøtt & Gryn med balsamicosirup og tilbehør til hovedrett og heimelaga is med lune pærer til dessert. Høres spennande ut og det blir heilt sikkert godt.
Billettane har gått unna, og i skrivande stund søndag kveld er det enno att nokre billettar til hovudframsyninga og litt meir til dagframsyninga, fortel festsjef Bjørn Hauglann. Den som vil på hovudframsyninga bør svinge seg rundt no, seier Hauglann.
Sjå elles plakakaten her