3. juledag er uten tvil den største utfartsdagen i Todalen. Deltakartale varierer litt med vêret, men rekorden ligg nok rundt 180 deltakarar på runden rundt bygda. Den går enten til fots, eller med spark eller sågar også på ski. Er det blankis så er det best med piggsko eller broddar slik at ein klararer å halse seg på føttene. I å var det tidvis ganske tett snødrev, men det var faktisk ingen som klaga verken på vêret eller føret.
Det er tradisjonelt Todalen ILs trimgruppe som står som arrangør, og dei hadde i år som alle år, diska opp med varm gløgg til alle som deltok. I år har dei verkeleg hatt spanderbuksa på, for alle som var med på romjulsmarsjen og tok runden rundt bygda fikk refleksselar. Alle som passerte Bruset og standen der, fortsette turen med refleksvest. Dette er ei lita belønning for at bygdefolket har gjort salet av årets julekalender til ein stor suksess.
Bygdefolket stillte opp med kortreiste og heimlaga gevinstar til Julekalenderen – 79 gevinstar totalt – og Trimgruppa solgte julekalendrar for heile 33.000 i aksjonen før jul. Trimgruppa rettar ein stor takk til alle som bidro med gevinstar og loddkjøp og takk til Todalen.no som sørga for publisering på nettet.
I dag var det lynlotteri i samband med Romjulsmarsjen – med gevinstar frå Svinvik Gard, frå Hageland Surnadal og frå Talgø.
Tal frå årets Romjulsmarsj Antal: ca 130 var innom stasjonen på Bruset. Elles vart det selt lynlodd 556 lodd a kr 10,- – tilsaman kr 5.560,- noko Trimgruppa er storfornøyd med.
Trekningsliste frå Romjulslotteriet
Vinnarar i lynlotteriet vart:
Jon Olav Ørsal: Ledlys
Åshild Halle: Serveringsfat
Jorunn Nordvik: Ledlys
Ragnhild og Torkjel: Kaffe, såpe og oppvaskkost
Turid Hals: Ledlys
Karin Kvendset: Bok av Halvor Bakke
Kristian Gjeldnes: Serveringsfat
Vi «fanga inn» ein del trimmarar på runden vår rundt bygda – sjå om det er folk du kjenner i bildegalleriet? Alle foto Jon Olav Ørsal