3. juledag, tysdag 27. desember er TIL trimgruppa på banen som arrangør av Romjulsmarsjen 2022. I år er vi attende til tradisjonell romjulsmarsj som rett og slett er ein rundtur rundt bygda. Sjølv om det er både influensavirus og Covid i lufta så køyrer vi tradisjonelt arrangement – einaste forandring er at det er ein registreringsstasjon, og den er på Bruset. Det blir høve til å registrere seg på Bruset i tidsrommet mellom kl 12:00 og 15:00.
Vi er også attende til servering av varm gløgg, og det blir utdeling av ein flott TIL-buff til alle som deltek – og den er gratis. Dersom du vil ha fleire buffar, så er det høve til å kjøpe fleire i tillegg. TIL trimgruppa har akkurat gjennomført det store «Adventlotteriet», så det blir ikkje noko romjulslotteri for å finansiere arrangementet. Det var selt lodd for knappe tretti tusen i Adventlotteriet – egentleg eit kjemperesultat som vi er stolte av, seier Sissel Halset Storslett som er leiar i trimgruppa. Ho oppfordrar alle til å bli med på Romjulsmarsjen 2022, fordi at at gjer så godt å kome seg ut litt i romjula – både for å få litt mosjon og for å få litt sosial kontakt.